top of page

Om Strilawalk

StrilaWalk er eit årleg arrangement som går ut på å gå frå Rong senter til Sartor Storsenter. Vi går for å setje fokus på og samle inn pengar til forskning mot barnekreft. Desse pengane går til Jonathans minnefond. StrilaWalk vart oppretta den 15. Januar 2018 av Simen Jensen Oen og Mads Bjørsvik. Tanken var å gå frå Rong til Sartor for å samle inn penger til kreftforskning. Engasjementet var stor fra første stund og det vart raskt bestemt at StrilaWalk skulle verta eit årleg arrangement. 

Pengane kjem inn ved at deltakarar, sponsorar og andre donerer pengar til innsamlingsaksjonen eller kjøper t-skjorter og andre effektar. Me får også god hjelp av fleire ulike bedriftar som velvillig stiller opp for saka med midlar og praktisk hjelp! 

Foreininga har som formål å arrangere den årlege marsjen og setje fokus på ideele formål. Me trur potensialet er stort for dette arrangementet og trur på mange fleire deltakarar og innsamla kroner i 2022!

Blir du med??

Totalt innsamla

2018 - 8572 KR til Kreftforeningen
2019 - 47 000 kr til Jonathans minnefond
2020 - 73 000 kr til jonathans minnefond
2021 - 90 500 kr til jonathans minnefond
2022 - 75 000 kr til jonathans minnefond

 

Nygardsvegen 2

5337 Rong

Norge

bottom of page